Stadig får vi innsikt i saker der små born i Norges skal fråtakast mor si av invandringspolitiske årsaker. Saka til Sabrin Ali tok julegleda for mange av oss.

Sabrin seier sjølv ho er frå Eritrea, men UNE meiner ho er frå Sudan. Difor vil dei sende henne dit (eit land ho aldri har budd i) og seier samstundes at ho ikkje kan søkje om å kome attende til Noreg før det er gått 2 år. Ho har to gutar på 2,5 og 4 år som har vakse opp med henne heile sitt liv. Dei bur på Stord, faren i Bergen.

I Noreg har barn hatt eigne rettar sidan dei Castbergske lovar vart vedtekne i 1915. Barn sin eigenverdi og rett til ein trygg oppvekst er grunnleggjande i vårt samfunn. Det må gjelde også i saker som denne. I staden uttaler UNE at: «Det å gi uriktige opplysninger om identitet blir sett på som så alvorlig at dette veier tyngre enn hensynet til barnas beste i denne saken.» Og dei seier at: «vi mener det er mest sannsynlig at hun kommer fra Sudan.»

Vårt humanistiske sinnelag tilseier at me skal behandle folk skikkeleg. Om nokon har gjort ukloke val må det ikkje setje dei utanfor samfunnet for all framtid. I denne saka – som i andre der barn vert den skadelidande om dei mister ein forelder – må det vere barnas beste som vert utslagsgivande, for denne saka er ikkje eineståande.

Ta Sabrin og andre sine opplysningar på alvor, og la dei skape seg sine liv her i landet saman med borna sine. Det er ikkje dei som skal betale for at byråkratane ikkje trur på mora.

Sett i lys av at det stadig kjem opp saker som denne, meiner vi at det kan vere på sin plass å revidere Utlendingslova og å vurdere om andre straffereaksjonar enn utvising kan takast i bruk.