– Diskriminering av gravide er eit gløymd tema. Alle trur at slik diskriminering ikkje finst lenger, men det som blir lagt fram i dag viser at det eksisterer i stort omfang, seir Åsta Årøen, leiar i Venstrekvinnelaget.

Åsta med likestillingsombudet

Foto: Anila Khan

"Diskriminering i arbeidslivet — kva veit vi?" var tema da kvinnepolitiske leiarar møtte likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik. Vi vil gjerne tru at diskriminering av gravide er eit tilbakelagt stadium. Slik er det ikkje.

Graviditetsdiskriminering er eit av dei områda som flest tek kontakt med ombodet om, og det handlar om heilt konkret diskriminering.

Slik diskriminering fører til at kvinner mister jobb, ikkje får ein jobb dei har søkt på, mistar arbeidsoppgåver, karrieremogelegheiter og ikkje får lønnsopprykk.

Diskriminering på grunn av uttak av foreldrepermisjon rammar flest kvinner, men også mannlege arbeidstakarar blir utsett for dette.

Les meir om graviditetsdiskriminering her

Kategorier: Nyheter

0 kommentarer

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.