Eit annleis barn…

Det vesle barnet som vi ventar i august, er like elska som dei ande barna våre, men kanskje blir det eit litt annleis barn. Dersom det klarar seg… Ultralyden i uke 18 gav oss beskjeden; nakkeødem og hjertefeil, det ser ikkje så bra ut… kanskje syndrom. Så vanskeleg å førebu seg på, og så livsendrande ord. Litt seinare er det ut i kvardagslivet igjen, forbi alle dei lukkelege foreldra som ventar på ultralydundersøkelse, framfor oss eit hav av usikkerheit… Vi valgte å seie nei til meir utgreiing den dagen og dei neste dagane, vi ville ha ein viss kontroll over situasjonen og kva vi blir møtt med. Gode råd og anbefalingar tek vi ikkje imot med takk, nødvendigvis. Vi veit kva vi vil.
(mer…)